Firkantar

Arbeid med firkantar 3. trinn

1.      Kva figur er dette? Skildra figuren med dine eigne ord. Sei noko om linjene og  vinklane. 2.      Dra linjestykket c tre ruter til høgre. Kva figur får du no? Korleis er denne figuren ulik den førre? 3.      Kor mange ruter er det inni figuren? 4.      Korleis er vinklane? 5.      Sidene i figuren er parallelle. Kan du forandra sidene i figuren, men likevel klara å få like mange ruter i den?   6.      Dra linje d enno to linjer mot høgre. Kva figur vert dette? Forklar med eigne ord korleis denne figuren ser ut. 7.      Dra linje d fram og tilbake nokre gongar. Kva skjer med vinklane? Kan du sjå noko spesielt?