Lineær funksjon

Lineær funksjon 7. trinn

Trinnet til Kari skal ha framsyning for foreldra. Etterpå skal dei ha eplekake, saft og kaffi. Dei må handla inn eple for å baka. Håvard, Anna, Liv og Geir får i oppgåve å handla inn 4 kg eple kvar. 1.  Håvard handlar på Kiwi. Her kostar epla 14 kr per kg. Anna handlar på Rema 1000. Her kostar epla 12 kr per kg. Liv kjøper eple på Meny. Her er prisen 17 kr per kg.   Geir handlar på Spar. Der kostar epla 19 kr per kg. Kor mykje måtte Anna betalt om ho berre kjøpte 3 kg eple?   2. Bruk glidaren til å finna ut kor mykje kvar av dei må betala.  3. Bruk glidaren og set kiloprisen til 12 kr. Les av på grafen kva det kostar å kjøpa 3 kg og 4 kg eple. 4. Kor mange kilo eple får du for 25 kr om kiloprisen er 12 kr?