Utforskning av parabel i symmetrilinje

Instruksjon arbeidsark.

De skal skrive ned alle svara på ark. Sett a=1 og b=0, varier glider c. Kva skjer med symmetrilinja når c endrar seg? Sett a=2. Kva skjer no? Sett b=1. Kva skjer? Blir symmetrilinja påverka av c?  Sett c=0. Og så kan du skjule glider c i grafikkfeltet. Sett a=1 og varier b. Fylg med på verdien til symmetrilinja og funksjonen. Kva skjer? Kan du sjå ein samanheng mellom koeffisienten b og symmetrilinja. Sett a=2 og varier b. Og gjer det same som i forrige oppgåve. Kan du sjå ein samanheng mellom koeffisientane a og b og symmetrilinja? Kan du foreslå ein generell formel for symmetrilinja? Sett b=1 og varier a. Du kan no teste ut om formelen du kom fram til for symmetrilinja, stemmer overens med parabelens symmetrilinje. Sett inn i formelen a=2,3 og 4. Sjekk at dette stemmer med å flytte på glider a. Kan du sei noko om kvifor det er minus framfor b i formelen for symmetrilinja? Vis glider c. Sett a=1, beveg glider c slik at funksjonen får nullpunkt. Kva blir nullpunkta? Kan du sjå ein samanheng mellom nullpunkta og symmetrilinja? Ved hjelp av andregradsformelen kan ein finne nullpunkta til ein funksjon. Ser du ein samanheng mellom formelen for utrekning av nullpunkta og symmetrilinja?