Jon sparer til PC

Author:
Tove Havro
Jon ønskjer seg berbar PC til han byrjar på ungdomsskulen til hausten. Han vil aller helst ha ein som kostar rundt 7000 kr. Jon fekk 2000 kr til jul. Dette beløpet har han derfor med seg når han går i gong med sparinga i januar.  Han får 100 kr i vekeløn. Det blir 400 kr pr månad. (Den grøne grafen a) Litt utpå nyåret byrjar Jon å forstå at han nok ikkje kjem i mål til august. Han må få inn pengane litt raskare. Han forhandlar seg fram til 150 kr i vekeløn mot at han skal ha godtefri og ta ut av oppvaskmaskinen kvar dag. (Den raude grafen b)  Kor mykje pengar manglar han i august med alternativ a/b? (Finn differansen mellom kva han har spart og målet som er 7000 kr ved å lese av på grafane kor mykje som manglar mellom punkta A-C og punkta B-C.) Kva tid har Jon spart nok pengar med alternativ a vs alternativ b? Han har endå ein moglegheit; Han kan selja den gamle traktoren og den radiostyrte bilen som han aldri har brukt. Då kan han få inn 1000 kr. Løft kvar av grafane slik at dei skjærer y-aksen 1000 (kr) høgare oppe. Med dette som utgangspunkt; Kva tid har han no nok pengar med alternativ a vs alternativ b? Er det nokon måte å spare på som gjer at Jon sit att med overskot når han kjem til august? Utforsk og finn andre spørsmål/problemstillingar sjølv.