Fullstendige kvadrat _ 2

Viser ei geometrisk forklaring på korleis du kan finna eit fullstendig kvadrat. Trykk på knappen "Neste steg" for å sjå steg for steg korleis du finn det fullstendige kvadratet. Du får forklarande tekst på sida av figuren undervegs. Trykk på "Start" når du vil starta animasjonen frå starten igjen.
Animasjonen skal vera ei hjelp til å forstå kva me meiner med omgrepet "fullstendig kvadrat", og ein visuell forklaring på korleis me kan finna det fullstendige kvadratet.