Areal av trekant

Areal av trekant

1. Flytt punktet E for å få fram 2 formlike trekantar inne i rektangelet (ein rosa og ein kvit). Kva ser du? Kan du sei noko om arealet av rektangelet i forhold til arealet av den rosa trekanten? 2. Bruk gliderane og gjer firkanten kvadratisk. Plasser punktet E slik at du får 2 formlike trekantar inne i kvadratet. Kvar kan du plassere E? Kan du sei noko om arealet av kvadratet i forhold til arealet av den rosa trekanten? 3. Kan du plassere punktet E slik at du får fram fleire trekantar inne i rektangelet/kvadratet? Kva kan du sei om forholdet mellom arealet av firkant og rosa trekant no? 4. Bruk figuren som utgangspunkt, og vis at formelen for areal av trekant er grunnlinje  høgd  2 5. Gjeld denne regelen også dersom du dreg punktet E til venstre for D eller til høgre for C? Kvifor/kvifor ikkje? Hugs at høgda skal stå vinkelrett på grunnlinja.