Google Classroom
GeoGebraGeoGebra Classroom

Koordinatar

René Descartes

René Descartes
René Descartes (latinif. Cartesius) (født 31. mars 1596 i La Haye en Touraine (nå Descartes) i Frankrike, død 11. februar1650 i Stockholm i Sverige) var en fransk filosof og matematiker. (Wikipedia) Descartes er mellom anna kjent for å vere den som introduserte koordinatsystemet det er mest vanleg å bruke i skulen i dag.

Koordinatsystemet

Koordinatsystemet er det lurt å gjere seg kjent med tidleg når ein jobbar med funksjonar. Ein kan jobbe med funksjonar utan koordinater, men på eit eller anna tidspunkt er det dette systemet vi kjem til å fokusere på. På figuren under ser du eit tomt koordinatsystem. Det er ein horisontal akse (x-aksen eller førsteaksen) og ein vertikal akse (y-aksen eller andreaksen). Dei to aksane blir ofte kalla "aksekors". For å skrive inn punkt i koordinatsystemet må du angi både kor langt til høgre eller venstre dei skal stå på x-aksen OG kor langt opp eller ned dei skal stå på y-aksen. Prøv til dømes og skriv (4,3) i systemet nedanfor (til høgre for der det står ein stor pluss i feltet til venstre). Prøv fleire punkt. Prøv positive og negative verdiar. Du kan høgreklikke på punkta for å få mogleik til å slette dei igjen. Legg merke til at du kan trekke dei rundt omkring i koordinatsystemet og punkta vil automatisk ha riktig "adresse", altså koordinatpar, oppdatert i algebrafeltet til venstre. Prøv og å sete på punkt ved å klikke på knappen for punkt (nr. to frå venstre).

Tomt koordinatsystem

Koordinatoppgåve