Periferivinkel og sentralvinkel

Vi har gått gjennom kva ein periferi- og sentralvinkel er. I figuren, under, har eg teikna inn ein periferivinkel og sentralvinkel mellom punkta D og E. Sirkelbogen dei spenner over er merka raud. Når periferivinkel og sentralvinkel spenner over same sirkelboge, seier vi at dei er tilhøyrande sentral- og periferivinkel. I dette undervisningsopplegget skal de forsøka å koma fram til samanhengar og forklaringar på samanhengar. Lykke til!
Noter verdien til sentral og periferivinkel i tabellen. Flytt på punktet D og/eller E (utan at dei passerer nokon av dei andre punkta C,D og E), og noter ned ulike verdiar de får for tilhøyrande sentral- og periferivinkel. a) Ser de noko mønster i resultata i tabellen? b) Kan de ut frå mønsteret sei noko om korleis periferivinkelen endrar seg dersom vi flyttar på punkt C medan punkt D og E står fast? Lag kvar dykkar hypotese og diskuter desse før de forsøker. c) Dersom linja mellom punkt D og E dannar diameteren i sirkelen. Kva kan ein då sei om trekanten CDE. Lag kvar dykkar hypotese og diskuter desse før de forsøker. Forklar med ord.