Google Classroom
GeoGebraGeoGebra Classroom

2. gradsfunksjon utan 1.gradsledd

Funksjonen f(x) = 5x2 fortel kor langt ein gjenstand har falle, i meter, i fritt fall etter tida x, i sekund. Her er ikkje massen til gjenstanden tatt hensyn til.

1)

Kor langt har gjenstanden falle etter 2, 4, 6, 8 og 10 sekund?

2)

Lag ein verditabell ut frå funksjonen og sjekk om dette stemmer i forhold til grafen i GeoGebra.

3)

Om eit hus er 100m høgt, kor lang tid tek det frå ein gjenstand forlet taket til den når bakken?

4)

Om huset hadde vore dobbelt så høgt, f(x) = 200, ville falltida også vore dobbel så lang som i oppg. c? Grunngje kvifor eller kvifor ikkje.

5)

Du skal doble falltida, la oss sei at falltida er 2s og du doblar denne til 4s, forklar kva som skjer med høgda til huset/fallhøgda til gjenstanden når du doblar falltida. Prøv med andre verdiar og sjå om du kan generalisere dette.